Vi søkjer ringevikarar til dei kommunale barnehagane i Klepp kommune, både for korte og lengre vikariat.
Vi leitar etter ein påliteleg, samarbeidsvillig og ansvarsbevisst person som ønskjer å vere ringevikar hos oss. Som vikar vil du vere ein viktig ressurs i kvardagen, og du må trivast med å møte nye barn og vaksne – ofte på kort varsel. Vi set stor pris på fleksibilitet, gode samarbeidsevner og ei profesjonell tilnærming til både små og store oppgåver.
Arbeidsmengda vil variere frå veke til veke, avhengig av behovet i barnehagen. Nokre veker kan du få mange vakter, medan andre veker kan vere rolegare.
Før oppstart må du leggje fram politiattest av nyare dato.
Dette er ikkje ei ordinær stillingsutlysing. Du vil få ei stadfesting på at vi har motteke søknaden din, men det blir ikkje sendt ut avslag.
Monika Schrøder, Personalkonsulent, +47 40201836
Bedriftsvegen 4
4353 KLEPP STASJON
Arbeidsgivar: Klepp kommune
Referansenr.: 5056044128
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 31.12.2026
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.