Om stillinga
Gulen kommune, for tida ved sone Eivindvik - Gulen sjukeheim, har ledig to faste stillingar som sjukevikar i pleie- og omsorgstenesta. Vi søkjer etter stabile og fleksible medarbeidarar som trivst med varierte arbeidsoppgåver og kan bidra på tvers i eininga ved behov. Det er ønskjeleg med erfaring frå pleie- og omsorgsarbeid. Stillingane inneber arbeid inntil kvar 2. helg.
- 80% fast stilling som sjukevikar, frå 01.09.26
- 80% fast stilling som sjukevikar, frå 01.09.26
I Gulen kommune er det løn over tariff for helsefagarbeidarar som går i turnus, samt ekstra helgekompensasjon for gått vakt.
Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim er ei av tolv einingar i kommunen. Eininga yter pleie- og omsorgstenester til heimebuande personar i Eivindvik-krinsen, samt til bebuarar på sjukeheimen, som ligg i Eivindvik.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil vere varierte og omfatte pleie- og omsorgsoppgåver tilpassa brukarane sine behov. Den som vert tilsett må kunne medverke til god omsorg og praktisk bistand i eininga. Stillinga inneber også samarbeid med kollegaer på tvers av avdelingar og fleksibel bruk av ressursar ved behov.
Aktuelle arbeidsoppgåver kan vere:
- Direkte oppfølging av brukarar/bebuarar
- Hjelp til personleg stell, måltid og elles daglege gjeremål
- Praktiske oppgåver i avdelinga
- Dokumentasjon og rapportering etter gjeldande rutinar
- Samarbeid med pårørande, kollegaer og andre faggrupper
- Bidra til eit trygt, fagleg og godt arbeidsmiljø
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonskrav
- Vi ynskjer søkjarar med fagbrev som helsefagarbeidar med relevant erfaring frå pleie- og omsorgstenesta. Andre søkjarar med interesse for fagfeltet og personleg eignaheit kan også verte vurderte
- Må vere fleksibel i eininga og utøve alle typer oppgåver jamfør kvalifikasjonar
- Førarkort klasse B
- Gyldig politiattest
- Nagativ MRSA/TBC før oppstart i stilling
- God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)
Personlege eigenskapar
- Du er trygg, roleg og omsorgsfull i møte med brukarar og pårørande
- Du er fleksibel og kan tilpasse deg ulike arbeidsoppgåver i eininga
- Du tek ansvar og kan arbeide både sjølvstendig og i samarbeid med andre
- Du har gode samarbeidsevner og bidreg positivt i arbeidsmiljøet
- Du er løysingsorientert og kan handtere ein variert og tidvis travel arbeidskvardag
- Du er påliteleg og stabil
- Du har interesse for arbeid innan pleie og omsorg
- Personleg eignaheit vil verte tillagt stor vekt
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.