Arbeidsinnhald er allsidig undervisning av danse-elevar i ulik alder, frå barnedans (førskulealder) til ballett og jazzdans frå 1.trinn opp til vgs-alder og ev. elevar på fordjupingsnivå. Me søkjer deg som ivrar for dansefaget og vil vera del av lærarkollegiet i ein attraktiv, framtidsretta og aktiv kulturskule.
Time kulturskule har 24 tilsette og om lag 720 aktive elevplassar. Skulen tilbyr allsidig undervisning innan dei fem fagområda musikk, dans, drama, kunstfag og skapande skriving. Skulekorpsa er del av musikktilbodet. Nokre av lærarane har del-stilling for kunstnarisk utøving med formidlingstilbod til institusjonar og prosjektbasert undervisning i barnehage og grunnskule. Vi har regionalt nettverk og samarbeid med kulturskular i nabokommunane. Danselærar er del av fagseksjon for dans.
Kulturskulen sin base ligg sentralt og nært Bryne sentrum/Bryne togstasjon. Me har samlokalisering med Bryne skule om undervisningsrom og aula, hovudvekta av den faste undervisninga skjer her. Det er tilbod om desentralisert undervisning på krins-skulane for nokre fag. Me har nært samarbeid med lokalt kulturliv, helseinstitusjonar, grunnskule og barnehage. Det er ei viktig målsetting å vera synlege i lokalsamfunnet og elevane skal læra, utøva og oppleva gjennom dei estetiske faga. Kulturskulen forvaltar eit viktig samfunnsoppdrag og tilbyr tilpassa opplæring av høg kvalitet. Elevane skal vera del av eit trygt og inkluderande læringsmiljø.
Time kulturskule arbeider etter "Rammeplan for kulturskulen - Kulturskule for alle" og har i tillegg lokale fagplanar. Undervisningsplattforma har fokus på "eleven som glødande punkt" og Vurdering for læring. Vår felles verdiplattform består av fem definerte område "kunstnarisk kompetanse og kreativitet, engasjement, samarbeid, ansvar, trivsel og respekt".
Den kommunale kulturskulen i Time har tidlegare hatt nasjonal status som Demonstrasjonskulturskule. I dag er skulen eit etablert ressurssenter og ein samhandlande organisasjon for kunst- og kultur i lokalsamfunnet. Me arbeider etter visjonar for "Framtidas kulturskule i framtidas kommune".
Vår nye danselærar skal vera del av Time kulturskule sitt faste lærarkollegie og delta i vårt faglege og kollegiale fellesskap.
Me ønskjer at du:
Time kulturskule har eit høgt utdanna og dedikert personale. Det er ønskjeleg at vår nye danselærar har følgjande kvalifikasjonar:
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen.
Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir)eller tidlegare godkjenning frå NOKUT.
Time kulturskule søkjer deg:
Lovkrav om gyldig politiattest etter opplæringslova § 17-11 jf politiregissterlova §39 fyrste ledd, må framleggast før tiltreding.
Guri Årsvoll, Rektor, 47301209, guri.arsvoll@time.kommune.no
Ola Barkveds veg 16
4340 BRYNE
Arbeidsgivar: Time kommune
Referansenr.: 5162051814
Stillingsprosent: 17%
Fast
Søknadsfrist: 21.08.2026
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.