Har du lyst på ein spanande jobb som kan gjere kvardagen lysare for andre i Fjord kommune?
Hovudmålet med ei aktivitetskontakt er å gje den enkelte ei meiningsfull fritid og eit meir sosialt liv. Ei aktivitetskontakt hjelper å styrke personen sine fritidsinteresser og sosiale nettverk. Både born, ungdom og vaksne med ulik grad av behov for tilrettelegging kan trenge aktivitetskontakt. Personen sine ønsker, draumar og behov skal vere i fokus. Det å vere aktivitetskontakt skal vere givande og kjekt, samtidig som du gir eit forsvarleg og godt tilbod. Det kan vere turar, besøk heime eller på kafe, kino, svømming, trening, bibliotek, og mykje anna.
Eit oppdrag kan variere i timetal, men oftast to timar per veke. Løn etter timesatsar, og køyregodtgjering i oppdraget kan avtalast med forvaltningskontor etter individuell vurdering.
Det blir kravd godkjent politiattest for å bli aktivitetskontakt, og du har teieplikt.
Du får nødvending rettleiing. Dette er viktig både for eigen trivsel og kjensle av å meistre oppdraget, samt kvalitet i tilbodet.
Søknader vert behandla fortløpande
Elisabeth Kristin Midtbust, Saksbehandlar tildelingskontor, 41867956
Hilde Christin Rognsø Furstrand, Saksbehandlar, 41867955
Olavsgata 10
6210 VALLDAL
Arbeidsgivar: Helse, omsorg og velferd Fjord kommune
Referansenr.: 5120057607
Stillingsprosent: 1%
Anna
Søknadsfrist: 28.06.2026