UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAFakultet for naturvitskap og teknologi (NT-fakultetet)er eitt av sju fakultet ved Universitetet i Bergen. Fakultetet består av sju institutt som saman utgjer grunnstammen i forsking og utdanning innan matematikk, kjemi, fysikk, informatikk, samt geofysiske, geovitskaplege og biologiske fag. Fakulteteter òg vertskap for UiB sine satsingsområde UiB Hav og UiB Klima og energiomstilling. Fakultetet har om lag 900 tilsette frå over 60 nasjonalitetar, 4000 studentar og eit budsjett på om lag 1,5 milliard kroner.
Du kan lese meir om fakultetet her:https://www.uib.no/nt
Vi søkjer ein HR-rådgjevar som brenn for HR-faget og er ein solid støtte i operativt og strategisk HR-arbeid ved Fakultet for naturvitskap og teknologi.
Som HR-rådgjevar ved NT-fakultetet får du arbeide tett på leiing, forsking og utdanning i eit av landets leiande forskingsmiljø.
Universitets- og høgskulesektoren er i stadig endring, prega av internasjonalisering, digital transformasjon og nye kompetansebehov. Stillinga gir høve til å bidra til utvikling av framtidas HR-tenester i ein av Noregs største kunnskapsorganisasjonar, og vi ser etter deg som ønskjer å kombinere operativt HR-arbeid med analyse, utviklingsarbeid og forbetring av arbeidsprosessar.
Stillinga er plassert i HR-seksjonen, som består av 11 medarbeidarar. HR-seksjonen yter operative og strategiske HR-faglege tenester til fakultetet sine åtte faglege einingar, fakultetsleiinga og fakultetsadministrasjonen. Du blir del av eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse innan rekruttering, personalforvaltning, organisasjonsutvikling og leiarstøtte.
Som HR-rådgjevar vil du mellom anna:
Arbeidsoppgåvene kan bli endra i takt med utviklinga av fakultetet og dei administrative tenestene ved UiB.
Du må ha
Det er ein fordel dersom du har
Vi ser etter deg som:
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Løn vert fastsett etter kvalifikasjonarinnanfor oppgitt spenn. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
May-Britt Skåtøy, seksjonssjef
Telefon: 913 43 237
E-post:
may-britt.skatoy@uib.noeller
Lene Sørheim, nestleiar Telefon:98475935
E-post:
lene.sorheim@uib.noMangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar særleg menn til å søkje stillinga. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane om moderat kjønnskvotering.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.