Medisinsk serviceseksjon ved Førde sentralsjukehus har ledig 100% vikariat som helsesekretær/sekretær i perioden 01.06.2026 - 31.05.2027.
Vikariatet kan bli forlenga ved behov.
Vi søker ein strukturert og serviceinnstilt helsesekretær/sekretær som bidreg til å halde orden i ein travel kvardag.
Du har god kapasitet til å følgje opp fleire oppgåver samtidig, og trivst med både administrative oppgåver og pasientkontakt.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Belvira Omic, Seksjonsleiar, (+47) 995 91 403
Svanehaugvegen 2
6812 FØRDE
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5133897976
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.06.2026
Sluttdato: 31.05.2027
Søknadsfrist: 14.06.2026
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.