Er du vår nye kollega? Stad kyrkjelege fellesråd har ledig ei 100% stilling som kantor/organist/kyrkjemusikar frå 03.08.26.
Vi søker deg som vil vere aktivt med i planlegging og gjennomføring av gudstenester, kyrkjelege handlingar og anna kyrkjelydsarbeid i Eid og Stårheim sokn.
gode evner til samarbeid og til å arbeide sjølvstendig
gode kommunikasjonsevner og språkferdigheiter
gode evner til nettverks- og fellesskapsbygging
gode pedagogiske evner
minimum 3-årig relevant utdanning
allsidige orgel- og pianoferdigheiter
brei musikalsk interesse og erfaring, inkludert korleiing
interesse for- og erfaring frå kyrkjelydsarbeid knytt til ulike aldersgrupper
medlemskap i Den norske kyrkje
Personlege eigenskapar og realkompetanse vert vektlagt føre formell kompetanse.
Som kantor/organist/kyrkjemusikar i Eid- og Stårheim sokn vil du ha ansvar for å leie det kyrkjemusikalske arbeidet i desse sokna i samarbeid med sokneråd, tilsette og frivillige. Dette innebær m.a. å
planlegge og gjennomføre gudstenester, kyrkjelege handlingar, institusjonssamlingar og anna kyrkjelydsarbeid i samarbeid med andre tilsette og frivillige.
vere med å leie barnekor, ungdomskor og vaksenkor saman med andre tilsette og frivillige.
ha ansvar for planlegging og gjennomføring av konsertar og andre musikalske arrangement i samarbeid med sokneråd, tilsette og andre aktuelle aktørar.
bidra musikalsk i diakonale tiltak og tiltak innan kyrkjeleg undervisning og læring.
samarbeide med og støtte det øvrige musikk- og kulturarbeidet i bygdene.
rekruttere og legge til rette for at frivillige i alle aldrar kan delta i song- og musikklivet i kyrkjelydane.
vere rådgjevar for soknerådet/fellesrådet i kyrkjemusikalske spørsmål.
delta på stabsmøter og møter i andre relevante råd og utval.
ha ansvar for tilsyn og vedlikehald av instrument og anna musikkutstyr i kyrkja.
Løn etter avtale (KA-tariff) og pensjonsordning i KLP
arbeidsavtale etter gjeldande lov- og rammeverk
Kontorlokale i Eid kyrkjetun, tett ved Eid kyrkje
meiningsfylte, varierte og spennande arbeidsoppgåver
samarbeid med engasjerte og inkluderande medarbeidarar
eit godt fagmiljø og arbeidsmiljø
ei kommune med eit rikt og variert kulturliv
Stad kyrkjelege fellesråd er arbeidsgjevar for 20 tilsette fordelt på 12 årsverk, og Stad er tenesteområde for tre sokneprestar i full stilling. Verksemdsområdet omfattar sju kyrkjelydar og åtte kyrkjebygg.. Kontora til Stad kyrkjelege fellesråd ligg i Eid Kyrkjetun på Nordfjordeid og i kommunehuset i Selje. Nordfjordeid er prostesete i Nordfjord og prosten sitt kontor er samlokalisert med fellesrådet. Kyrkjemusikktenesta utgjer samla 2,2 årsverk fordelt på tre stillingar.
Eid sokn har ca. 4000 medlemar og to kyrkjebygg, Eid- og Heggjabygda kyrkje. Orgelet i Eid kyrkje er opprinneleg eit orgel av J.H. Jørgensen frå 1961 som vart ombygd og montert av Bower Organs i 2015. Orgelet har 40 klingande register og totalt 3200 piper fordelt på 3 manualar og pedal. Stårheim sokn har ca. 500 medlemer og ei kyrkje, Stårheim kyrkje. Orgelet i Stårheim kyrkje er eit pipeorgel med 14 stemmer som opprinneleg er frå 1916 (www.stadkyrkje.no).