UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAVed Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei stilling som postdoktor (100 %) for ein periode på tre (3) år. Stillinga er knytt til prosjektet Digital Phenotyping in people with Parkinsons Disease (DIGI.PARK) og er finansiert av Helsedirektoratet.
DIGI.PARK-prosjektet har som mål å utvikle metodar for digital fenotyping av Parkinsons sjukdom ved bruk av berbare einingar for å betre måle motorsymptom og effekt av behandling. Prosjektet kombinerer kliniske vurderingar med kontinuerlege sensorbaserte målingar utanfor klinikken, og nyttar avanserte analysar basert på signalbehandling for å utvikle nye, sensitive digitale utfallsmål og biomarkørar. Les meir om prosjektet her: https://www4.uib.no/forskning/forskningsprosjekter/activeageing-digipark
Prosjektet er ein del av eit innovativt, aktivt og tverrfagleg forskingsmiljø: Senter for alders- og sykehjemsmedisin (SEFAS). DIGI.PARK-prosjektet er ei av fleire pågåande studiar ved SEFAS der sensordata frå berbare einingar og radarinstallasjonar blir nytta til å overvake symptom, intervensjonseffektar og sjukdomsforløp hos eldre og personar med nevrologiske sjukdommar som demens og Parkinsons sjukdom. Professor Bettina S. Husebø er leiar for SEFAS. Senteret tilhøyrer fagområdet for eldremedisin, samfunnsfarmasi og tverrprofesjonell samarbeidslæring (FEST) og har omlag 25 tilsette. SEFAS har eit stort nettverk både nasjonalt og internasjonalt. Prosjektet er eit samarbeid med Neuro-SysMed, eit leiande senter for klinisk behandling av og forsking på nevrologiske sjukdommar. SEFAS er lokalisert i Alrek helseklynge, Årstadveien, Bergen.
Les meir om SEFAS: https://www.uib.no/sefas
Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.
Den tilsette kan bli pålagt pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Bettina S. Husebø, Bettina.Husebo@uib.no; tlf. 480 94 660.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.