Stavanger akuttsenter har to akuttinstitusjonsavdelingar for ungdom mellom 13 og 18 år, lokaliserte på Madla (5 plassar) og Røyneberg (3 plassar). Vi søkjer no etter sommar- og tilkallingsvikarar. Er du under utdanning, har ein relevant bachelorgrad, eller har erfaring frå liknande arbeid, bør du ta ein kikk på denne annonsen!
Hos oss vil du få ein variert og spennande arbeidskvardag. Vi jobbar etter eit felles fagleg rammeverk som byggjer på grunnleggjande miljøterapi, og har som målsetjing å skape positiv utvikling gjennom trygge relasjonar, tydelege rammer og støtte til å regulere tankar, kjensler og åtferd.
Som sommar-/tilkallingsvikar hos oss får du bidra til å gi ungdom tryggleik, struktur og omsorg. Du blir ein viktig vaksen i kvardagen til barna, og får bli ein del av eit dedikert fagmiljø som tek samfunnsoppdraget på alvor og jobbar målretta for å skape stabile og utviklande rammer.
Avdelingane har turnus som omfattar dag- og kveldsvakter (8–16 timar), nattevakter samt statleg langturnus (2–7, 2–7, 3–7).
Stillinga kan òg bli tillagd andre relevante oppgåver ved behov.
For å arbeide som sommar-/tilkallingsvikar hos oss må du oppfylle minst eitt av følgjande krav:
Vi ser etter deg som trivst med å vere tett på ungdom, og som forstår at omsorg og tryggleik blir skapte i alle møte og situasjonar. Du er tydeleg og trygg i rolla, har evne til å setje grenser og stå i dei, og samarbeider godt med andre som ein del av eit team.
Du er engasjert og kreativ, har lyst og pågangsmot til å bidra til meiningsfulle aktivitetar saman med ungdommane om sommaren, og er samstundes initiativrik og merksam på kva som trengst i kvardagen. For oss er det viktig at du passar godt til rolla som sommar- og/eller tilkallingsvikar, og personleg eignaheit vil derfor bli tillagd stor vekt i den samla vurderinga.
Stillingane er plasserte i det statlege lønnsregulativet i stillingskode 1489 miljøterapeut, p.t. kr 490 000 – 640 000 per år. Andre brukarrette fagspesifikke stillingskodar med same lønsplassering kan nyttast i samsvar med det statlege lønnsregulativet og lokal lønspolitikk for Bufetat. Dersom du i tillegg har minst 60 studiepoeng relevant vidareutdanning, vil stillingskodane 1185, 1509, 1510 og 1534 vere aktuelle, p.t. kr 540 000 – 690 000 per år.
Dersom du ikkje har relevant bachelorutdanning, vil du bli plassert i stillingskode 1486 miljøarbeidar, 1488 miljøterapeut eller 1203 fagarbeidar med fagbrev, p.t. kr 420 000 – 560 000 per år.
I tillegg kjem turnuskompensasjon i samsvar med tariffavtalane i staten. Lønsplassering og stillingskode blir vurderte ut frå utdanning og erfaring.
I tillegg til dette får du vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn, ungdom og familiar eit endå betre tilbod, og det meiner vi har stor verdi i seg sjølv.
Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenkje på denne sida.
For å bli vurdert som søkjar, må du leggja ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Ber også om at du legger inn kopi av fysisk førarkort, samt skjermbilde av kontrollbildet på digitalt førarkort eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no.
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor.
I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon.
Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg.
Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.