Vil du vere med å skape trygge og meiningsfulle kvardagar for menneske med psykiske utfordringar?
Vi søker deg som ønsker å jobbe som miljøterapeut ved vårt tiltak innan psykisk helse. Hos oss får du jobbe i eit fagmiljø der relasjonsarbeid, tryggleik og respekt står i sentrum. Arbeidet er variert og lærerikt, og du blir ein viktig del av eit team som støttar brukar i å meistre eigen kvardag, styrkje ressursane sine og nå eigne mål.
Per tid har tenesta 2-delt turnus med arbeid tredje kvar helg, og eigne nattevakter.
Sindre Søvik Erstad, Kommunalsjef Helse, Omsorg og Velferd, +47 95855960
Stordalsveien 550
6250 Stordal
Arbeidsgivar: Helse, omsorg og velferd Fjord kommune
Referansenr.: 5148030449
Stillingsprosent: 60%
Fast
Søknadsfrist: 12.07.2026
Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.
Fjord kommune som har litt under 2500 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.
Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen via opplevfjord.no
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.