Volda kommune treng til ei kvar tid miljørettleiarar som kan tenke seg å vere tilkallingsvikarar i Voldaskulen. Denne utlysinga gjeld for skuleåret 2025/2026.
Utlysinga er ikkje knytt til ei spesifikk stilling, men til ei liste over søkarar som kan vere tilkallingsvikarar i Voldaskulen.
Som tilkallingsvikar må du ha høve til å stille opp på kort varsel. Arbeidsoppgåvene kan vere å støtte elevane i deira læringsarbeid, i samarbeid med lærarane og skuleleiinga, og/eller målretta miljøarbeid knytt mot enkelt elevar/elevgrupper.
Tilkallingsvikarar vert tilsett med arbeidsavtale i kortare eller lengre periode. Stillingsstorleik vil vere etter behov, og kan variere.
Det er rektor ved den einskilde skule, som gjer avtale med tilkallingsvikar. Referansar kan verte kontakta.
Bratteberg skule (1.-7.trinn): 70 05 87 85/ 478 65 060
Dalsfjord skule (1.-10.trinn): 958 39 749
Folkestad skule (1.-10.trinn): 480 36 232
Hornindal skule (1.-10.trinn): 402 04 366
Mork skule (1.-7.trinn): 990 01 393
Volda ungdomsskule (8.-10.trinn): 70 07 42 20/ 975 30 623
Øyra skule (1.-7.trinn): 70 07 43 00/ 907 96 096
Vi ønsker først og fremst søkarar med relevant utdanning frå høgskule eller universitet. Som miljørettleiar legg ein til grunn godkjent 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning, som t.d barnevernspedagog/sosionom/vernepleiar.
Det vert stilt krav om gyldig politiattest ved tiltreding.
Saman med utdanning og praksis, vil personlege eigenskapar verte vektlagde.
Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og løn. Vi ber om at søkarar legg desse dokumenta inn i Webcruiter ved oppretting av brukar der.
Arbeidsavtale og vilkår i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.
Line Homberset, fagkonsulent oppvekst, 70058870, line.homberset@volda.kommune.no
Stormyra 2
6100 Volda
Arbeidsgivar: Volda kommune
Referansenr.: 5055416698
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.01.2026
Sluttdato: 19.06.2026
Søknadsfrist: 19.06.2026
Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med 11 131 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.
I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kulturliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.
Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!
Fleire ledige stillingar i Volda kommuneHold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.