Husahaugen bustadar er eit bufellesskap for personar med utviklingshemming. Bufellesskapet har 9 bustadar, eigen personalbase og er organisert under Eining for habilitering. Bustadane er kommunalt eigd og bebuarane leiger hos Stord kommune.
Husahaugen bustadar har visjonen; <<Gode relasjonar skapar trivsel og meistring>>. Overordna mål er å; - Skapa ein trygg og omsorgsfull heim - Gje god dagleg omsorg og sosial støtte - Leggje til rette miljøet for eigenmeistring - Bidra til eit godt samarbeid med pårørande
Eining for habilitering har ledig fast 100% stilling som avdelingsleiar frå 01.09.26. Stillinga er p.t. i Husahaugen bustadar.
Arbeids- og ansvarsområde:
Avdelingsleiar er administrativ leiar og har personalansvar for dei tilsette i avdelinga. Leiar skal følgje opp Stord kommune sine visjonar og verdiar, og eininga sine målsettingar og handlingsplanar.
Arbeida for eit godt arbeidsmiljø
Motivera og rettleia personale og medverka til at dei får utvikla seg, fagleg og personleg
Førebygging av sjukefråvær og oppfølging av sjukemeldte
Medverka til eit godt samarbeid med brukarar, pårørande, verneombod, tillitsvalde og andre samarbeidspartnerar
Ha fokus på effektiv ressursutnytting til beste for alle tenestemottakarane
Legga til rette for gode tenester i høve vedtak, økonomiske rammer, yrkesetiske retningsliner, etiske normer og gjeldande lovverk
Sørgja for at avdelinga skaper klima for tverrfagleg samarbeid, både i avdelinga og på tvers av avdelingar
Autorisert sjukepleiar eller vernepleiar
Erfaring frå, og/eller interesse for, leiing.
Leiarkompetanse og erfaring frå arbeid med brukargruppa er eit føremon.
Kunnskap og forståing av turnus, arbeidstidsordningar og lovverk knytt til dette.
Den som vert tilsett må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Godkjent politiattest av nyare dato (maks 3 mnd)
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
Godt arbeidsmiljø
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk.
Offentleg tenestepensjon.
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson: Einingsleiar Esther Aasen Bjelland, tlf 975 52 097
Stord kommune er ein stolt industrikommune i Vestland med over 19 000 innbyggjarar. Me er ein <<liten by for det heilt store>>! Her er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv, kulturliv og frivillig sektor. Stord kommune ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger og er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland. Kommunen er ein kompakt vekstkommune som legg til rette for framtidas næringsliv, heiar på samskaping og samarbeid, satsar på inkluderande fellesskap og grøn byutvikling, og ynskjer å forvalta våre natur- og friluftsområde og den nære strandsona til beste for fellesskapet.