Vang kulturskule (VAK) er ein skule med stort utviklingspotensial og gode økonomiske rammer. Skulen arbeider først og fremst med betalande elevar, men er òg medviten om kulturskulen sitt breiare samfunnsoppdrag. For den rette kandidaten vil denne jobben kunne gje mange moglegheiter. Kulturskulen er samlokalisert med den einaste grunnskulen i kommunen. Her ligg det eit stort potensial for å utvikle nye former og arenaer for samarbeid. Skulen ønskjer òg å vidareutvikle dette samarbeidet.
Aktuelle undervisningsoppgåver i VAK: slagverk (14 %), gitar (12 %), samspel/band (5–10 %) og andre oppgåver som kan vise seg interessante.
Vestre Slidre kulturskule (VSK) er ein kulturskule med høgt engasjement og stor oppslutnad i befolkninga. Over halvparten av elevane i grunnskulen har ein eller fleire plassar i kulturskulen. Det tette samarbeidet med den einaste grunnskulen i kommunen gjer at mykje av undervisninga kan leggjast til dagtid. Skulen har òg ansvar for Kultur-SFO éin gong i veka. Dei som har dette ansvaret, legg opp aktivitetane i mindre grupper, etter eigne kvalifikasjonar.
VSK har eit høgt aktivitetsnivå. Til dømes er vi involvert i om lag 70 små og store arrangement kvart år. Difor har vi ei inspektørstilling som det er særs viktig å få besett. Ta gjerne kontakt om du vil vite meir om kva oppgåver som ligg i inspektørstillinga.
Aktuelle arbeidsoppgåver i VSK: slagverk (opp til 30 %), gitar og/eller band (10 %), inspektør (20 %), Kultur-SFO (4 %) og andre oppgåver som kan vise seg interessante. Det kan òg bli aktuelt med musikkundervisning i ungdomsskulen.
Nord-Aurdal kulturskule er den største kulturskulen i Valdres, med nye og moderne lokale sentralt på Fagernes. Aktuelle arbeidsoppgåver: slagverk (2 %) og korps i skulen (11 %) og andre oppgåver som kan vise seg interessante.
Dette er eit breitt spekter av oppgåver, og samla utgjer det meir enn full stilling. Vi legg difor opp til å fordele dette på meir enn éin person, men ønskjer samstundes å setje saman oppgåvene slik at minst éin person får VSK som sin hovudarbeidsplass og viktigaste inntektskjelde. Frå lokala til VSK, er det 20-25 minutt reise til dei to andre kulturskulane.
Vi har frå før lærargrupper med stor fleksibilitet. Det er difor naturleg å sjå stillingane i samanheng med det øvrige personalet. Nøyaktig fordeling av oppgåver vil bli avgjord når ein ser kompetansen til den einskilde søkjaren i samanheng med dei ressursane vi har frå før. Det meste av oppgåvene er i fast stilling, noko er vikariat.
Vi ber om at du i søknaden seier kva oppgåver du er mest interessert i, og kva du eventuelt reknar som mindre aktuelt.
Har du utdanning i kulturskuleaktuelle fag, andre kunstfag, pedagogikk eller arbeid med barn og unge? Då ber vi om at kopi av vitnemål blir lagt ved søknaden.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Om du får ei stilling med undervisning mest i Vang eller Nord-Aurdal, kan det vere aktuelt å vurdere kva kommune som skal gjere den endelege tilsetjinga.
Gudbrand Silvet Heiene, Avdelingsleiar kultur, +47 41335496
Slidrevegen 15
2966 Slidre
Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune
Referansenr.: 5145138941
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.07.2026
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje.
Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.
Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.
Flytte til Valdres? Sjå http://www.velgvaldres.no
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.