Vi har ledig svangerskapsvikariat som kommunal fysioterapeut i 100 % stilling frå 01.09.2026 til 15.05.2027, med moglegheit for forlenging.
Fysioterapeuten skal ha ansvar for fysioterapioppfølging av heimebuande og institusjonsbebuarar – vaksne og eldre – både individuelt og i grupper.
Stillinga er organisert under ergo- og fysioterapitenesta i Osterøy kommune, med base ved Osterøytunet, sjukeheimen i kommunen.
Tenesta skal halde høg fagleg kvalitet og sikre den einskilde brukaren eit forsvarleg fysioterapitilbod tilpassa individuelle behov. Det vert lagt vekt på å fremje eigenmeistring og bidra til at eldre kan bu heime og vere sjølvstendige i eigen bustad så lenge som mogleg.
Stillinga er organisert i ergo- og fysioterapitenesta, der ergo- og fysioterapeutar arbeider tett saman med serviceteknikar og aktivitør i eit tverrfagleg team.
Ergo- og fysioterapitenesta i Osterøy kommune består av ergo- og fysioterapeutar, aktivitør ved Osterøytunet og serviceteknikarar ved kommunen sitt korttidslager for hjelpemiddel og mottak av NAV-eigde hjelpemiddel.
Styrkane ved arbeidsplassen vår er mellom anna eit godt arbeidsmiljø prega av høg arbeidsmoral, tillit og trivsel.
Vi har varierte arbeidsdagar med stort spenn i alder, diagnosar, prognosar og tiltak hjå brukarane våre. Tenesta arbeider mellom anna med førebygging, behandling – individuelt og i grupper – tilrettelegging, palliasjon og råd og rettleiing til samarbeidspartar.
Vi har stort fokus på tverrfagleg og tverretatleg samarbeid. Arbeidskvardagen er variert og i stadig utvikling, med nye utfordringar og endringar som gjer arbeidsplassen både lærerik og spennande.
Tenesta har brei fagleg kompetanse og arbeider kunnskapsbasert med fokus på oppdatert praksis. Vi tilstrebar gode kontorplassar og tilgang til nødvendige behandlingslokale og utstyr.
Video:
https://youtu.be/5TIhcmaLglYOsterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.