Kirurgisk og ortopedisk sengepost har ledig fast 100% stilling og 75% vikariat på 1 år som sjukepleiar!
Er du på jakt etter ein spennande og utfordrande arbeidsplass? Då er kirurgisk og ortopedisk sengepost noko for deg!
Her får du jobbe i eit solid fagmiljø saman med hyggelege og engasjerte kollegaer, der vi alle har eit tydeleg fokus på å gi pasientane den beste moglege behandlinga. Vi har hovudsakleg kirurgiske og ortopediske pasientar, men også gynekologiske og urologiske pasientar. Samarbeid er nøkkelen for at pasientane skal få ei god oppleving under opphaldet på sjukehuset, og her vil du spele ei viktig rolle. Sengeposten er prega av eit høgt tempo, og her får du møte mange varierte og spennande utfordringar. Med mange ulike diagnosetypar gir denne arbeidsplassen høve til å utvikle kompetansen din på fleire område. I tillegg kan vi tilby eit trygt og sosialt arbeidsmiljø, der samhald og humor er viktige verdiar. Bli ein del av vårt engasjerte team, og ta del i eit arbeidsmiljø der du både kan utvikle deg fagleg og trivast som kollega.
Vi ber om at attester og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Julianne Hovden, Seksjonsleiar, 700 58389/476 06613, Julianne.Hovden@helse-mr.no
KLØVERTUNVEGEN 1
6100
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5142909415
Stillingsprosent: 100, 75%
Fast, Vikariat
Startdato: 17.08.2026
Sluttdato: 17.08.2027
Søknadsfrist: 06.07.2026