Vil du vere med på å uvikle framtidas vasskraft i Sogn?
Hos Sognekraft er du med frå dei første planane til anlegga er i drift. Me ser etter både erfarne prosjektleiarar og ingeniørar som ønskjer å utvikle seg innan prosjektleiing. Hos oss blir ansvar og oppgåver tilpassa kompetansen, erfaringa og ambisjonane dine.
For å lukkast i rolla trur me at du har høgare utdanning innan bygg, elektro, automasjon, maskin eller andre relevante tekniske fag. Du kommuniserer godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Sidan arbeidet inneber synfaringar og prosjektoppfølging, treng du førarkort klasse B.
Har du byggfagleg bakgrunn, kan damsikkerheit og rolla som Vassdragsteknisk Ansvarleg (VTA) vere eit spennande utviklingsspor. Me legg til rette for kompetansebygging, kurs og gradvis meir ansvar innan oppfølging av vassdragsanlegg.
Kvardagen vekslar mellom kontor, prosjektmøte og arbeid ute på anlegg. Når dagen er over, ventar fjord, fjell og eit aktivt friluftsliv – rett utanfor døra.
Før me ønskjer den rette kandidaten velkomen til oss, vil me gjennomføre ein bakgrunnssjekk og personkontroll i samsvar med kraftberedskapsforskrifta. Aktuelle kandidatar vil få nærare informasjon om dette.
Søknadsfrist 20.8.2026. Søknadene vil bli handsama fortløpande.
Arbeidsstad på kontora våre i Vik eller Sogndal kombinert med arbeid ute på prosjekt og anlegg.
Elektronisk søknad skal benyttes via
"søk på stilling" knappen på siden.