Har du lyst til å jobbe i eit fagleg engasjert miljø med gode arbeidstidsvilkår? Då er du kanskje vår neste overlege!
Vi har ledig 100% fast stilling for overlege med spesialisering i allmennmedisin.
Habilitering for vaksne er retta mot personar over 18 år med medfødd eller tidleg erverva funksjonsnedsetjing. Fagfeltet er spennande og variert, og grensar mot mange ulike spesialitetar. Pasientgruppa i HAVO har ofte samansette kognitive, medisinske og psykiske utfordringar. Grunnlidinga kan vere ulike syndrom, utviklingsforstyrringar og/eller utviklingshemming. Mange har uavklarte somatiske plagar, i tillegg til psykiske vanskar som angst, psykose eller affektive lidingar.
Utgreiing og behandling er ofte krevande fordi pasientane ikkje alltid klarer å skildre symptom, smerte eller verknad av medisinar. Overlegen må difor sette seg ekstra grundig inn i sjukehistoria og innhente opplysningar frå både pasient, pårørande og kommune/hjelpeapparat.
Vi søkjer lege som har interesse for målgruppa vår, og som vil bidra til å utvikle avdelinga. Vi oppmodar òg nyutdanna spesialistar i allmennmedisin til å søkje.
Som overlege i HAVO vil du mellom anna samarbeide med fastlegen om somatikk, vurdere medikamentbiverknader, redusere polyfarmasi, tilvise til genetisk utgreiing, diagnostisere og behandle lettare psykiske lidingar, søvnvanskar og smerte. Det meste skjer i tett samarbeid med andre spesialistar og yrkesgrupper i HAVO, då tverrfagleg samarbeid er sentralt i pasientoppfølginga.
Ein viktig del av arbeidet er rådgjeving og rettleiing til pasientar, pårørande, kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta. HAVO ventar at du deltar i etterutdanning og hospiterer i relevante fagmiljø for å oppnå det komande (toårige) fordjupingsområdet: kompetansemål for legar i habilitering. Du vil få rettleiing av erfaren psykiater og god støtte frå dei andre yrkesgruppene. Avdelinga består av overlegar (psykiater og fysikalsk medisinar), psykologar, vernepleiarar, pedagogar og ergo- og fysioterapeutar. Alle har ulike tilleggsutdanningar. Det er til saman 23 tilsette ved avdelinga.
Avdelinga er ein del av Rehabiliteringsklinikken, som i tillegg består av Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR) og regionale kompetansetenester for habilitering og rehabilitering. Avdelingane er i dag lokaliserte på ulike stader. Det er planlagt innflytting i felles bygg på Nordås i 2028. Det er inga vaktordning eller akuttfunksjon knytt til stillinga. Arbeidstida er 08:00–16:00 på kvardagar.
Arbeidsforma er primært poliklinisk, men noko ambulant oppfølging må reknast med. Vi har tenestebilar. Tilsetjing etter nærare avtale. Avdelinga er i dag lokalisert i Olav Bjordals veg 29 på Breistein. Det er gode parkeringsmoglegheiter. Ta gjerne kontakt med seksjonsleiar eller overlege i HAVO for ein uformell prat (avdelinga er feriestengd veke 29–30).
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å lasta opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Beate Kristin Lilleheil, Seksjonsleiar, 95197626
Kjersti Kvalbein, Overlege, 55 53 50 00
Olav Bjordals veg 29
5111 Breistein
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5138968255
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.08.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.