UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAVed Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i kvantefysikk og -optimering. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til NFR prosjektet "Quantum Oscillator Networks for Optimisation and Machine Learning" (prosjektnummer 358752).
Institutt for fysikk og teknologi ved Universitetet i Bergen har eit levande forskingsmiljø med fleire grupper som mellom anna arbeider innan teoretisk og eksperimentell partikkelfysikk, kvantefysikk, nanofysikk og kvanteteknologi. Instituttet startar eit nytt integrert masterprogram i kvanteteknologi med oppstart hausten 2026. Eit nyoppretta senter, «Quantum UiB», finansiert av Trond Mohn stifting og Universitetet i Bergen, vil fungere som eit knutepunkt for framifrå kvanteforsking og leggje til rette for nytt samarbeid.
Prosjektet Quantum Oscillator Networks for Optimisation and Machine Learning (QONOMics) står sentralt i denne satsinga. Prosjektet fokuserer på fysikken i nettverk som består av kopla harmoniske og Kerr-ikkje-lineære oscillatorar. Ved å studere desse systema i både klassiske og kvantemekaniske regime, er målet å utvikle nye metodar for å løyse komplekse optimaliseringsproblem og vidareutvikle arkitekturar for maskinlæring. Forskinga inneber å undersøkje korleis den naturlege dynamikken til desse fysiske systema – som bifurkasjonar og faseovergangar – kan utnyttast til effektive utrekningar og informasjonsbehandling.
Dei som blir tilsette vil bidra til teoretisk utvikling, numeriske simuleringar og mogleg implementering i maskinvare (hardware-mapping) for desse oscillatorbaserte systema. Dette inkluderer utforsking av konsept som kvanteherding (quantum annealing), symmetribrot og reservoarutrekning (reservoir computing).
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Konrad Tywoniuk (konrad.tywoniuk@uib.no) eller professor Jan Petter Hansen (jan.hansen@uib.no).
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Vivian Stegen Jacobsen, vivian.jacobsen@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.