Seksjon døgn ved Nordfjord psykiatrisenter har ledig 100 % vikariat for lege i spesialisering (LIS 2/3) frå 01.12.2026 til 31.08.2027.
Vil du arbeide tett med pasientar som opplever psykiske vanskar, og bidra til eit viktig behandlingstilbod i spesialisthelsetenesta?
Hos oss får du ein variert arbeidskvardag og gode moglegheiter for fagleg utvikling i eit tverrfagleg miljø.
Ved Nordfjord psykiatrisenter gir vi behandling til menneske i ulike fasar av livet. Seksjon døgn har 12 sengeplassar og om lag 30 tilsette.
Psykiatrisenteret har tre seksjonar med til saman om lag 75 årsverk. Du vil samarbeide med fleire faggrupper, mellom anna psykologar, overlegar, legar i spesialisering, sosionomar og miljøterapeutar.
Ønskjer du å vite meir om arbeidsplassen? Les meir om Nordfjord psykiatrisenter på heimesida vår: Nordfjord psykiatrisenter
Vi ser etter deg som
Personleg eignaheit vert vektlagt
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Synnøve Merethe Johnsen, Seksjonsleiar, 97 18 96 29
Mari Ann Jacobsen Bruvoll, Teamleiar, 57 86 43 37
Sjukehusvegen 9
6770 NORDFJORDEID
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5150617846
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.12.2026
Sluttdato: 31.08.2027
Søknadsfrist: 23.08.2026
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.