Fjord1 skal frå 1.9.26 drifte verdas første autonome ferjesamband; eit verdsleiande prosjekt som kombinerer autonom ferjedrift, grøn innovasjon og banebrytande teknologi.
Vi søkjer skipsførar, overstyrmann/dekkssjef, maskinsjefar og matrosar.
Reise til/frå jobb blir dekka.
Oppstart: september/oktober.
Aktuelle kandidatar blir vurderte og tilsette fortløpande.
Arbeidsoppgåvene følgjer gjeldande stillingsinstruks for den aktuelle rolla.
Sigrunn Hellebust, Rekrutteringsmedarbeider, sigrunn.hellebust@fjord1.no
6947 Lavik
Arbeidsgivar: Fjord1 AS
Referansenr.: 5142885270
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.08.2026
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.