Heimetenesta i Osterøy Kommune har ledig fast 100% sjukepleiarstilling frå 1. september 2026 evt. etter avtale.
Heimetenesta yter tenester til heimebuande i alle aldre som har rett til helsehjelp. Hos oss har me høg fagleg dekning, slik at ein aldri er aleine sjukepleiar på vakt. Ein jobbar og saman med dyktige helsefagarbeidarar og assistentar på alle vakter.
Me tilbyr langvakter med arbeid kvar 4. helg. På langvakter har du pause på 1,5 timar i løpet av vakta i tillegg til to lunsjpausar.
Intervju blir gjennomført 19/8-26.
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
I Heimetenesta får du brukt faget ditt på ein spanande og variert måte. Her er ingen dag lik og du vil møte arbeidsoppgaver som pleie, legemiddelhandtering, medisinske prosedyrer, bistå brukarar i livets siste fase, primærkontaktansvar og pårørandesamarbeid. Heimetenester består av Heimetenesta, Hauge Omsorgsbustad, Haldorvika aktivitetssenter for personar med demens, Praktisk bistand og Forvaltningstenesta.
Me er ein gjeng med stort engasjement, som ønskjer at våre tenester skal pregast av høg faglegheit og profesjonalitet til våre innbyggarar, deira pårørande og samarbeidspartnarar. Me jobbar mot framtida der mestings- og tryggleiksskapande teknologi, og det å bu heime heile livet står i fokus. Me heldt til i Familie- og Omsorgssenteret i Lonevåg. Me ser fram til å verte betre kjend med deg!