Vil du vere med å sikre god bustadutvikling i Giske kommune?
Vi søkjer etter prosjektleiar i 100 % stilling når Giske kommune no skal i gang med eit arbeid for å sikre god bustadutvikling i kommunen i tida framover. Ein ønskjer å auke aktiviteten i bustadmarknaden, oppnå ei berekraftig bustadutvikling, nå målsetting om innanforskap, oppretthalde bulyst og Giske som ein attraktiv bukommune – ein god plass å leve heile livet. Kommunen ønsker å utvikle nye og heilskaplege bustadløysingar, ulike sosiale buformer og fellesskapløysingar, etablering og tilpassing av ulike bustadar og utforske ulike bukonsept.
Prosjektet skal utviklast i samarbeid mellom kommunen, næringslivet og innbyggjarane. Prosjektleiar vil rapportere direkte til kommunedirektør.
Prosjektet forutset finansiering, og ein tek atterhald om at finansieringa kjem på plass.
Stillinga er ledig frå snarast og til og med desember 2027. Det kan vere aktuelt med
forlenging.
I tillegg til formell kompetanse vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.
Vi ber om at vitnemål vert lagt ved søknaden.
Lene Bjørlo Overå, kommunalsjef, +47 41616109
Valderhaug 4
6050 Valderøya
Arbeidsgivar: Giske kommune
Referansenr.: 5135826599
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Sluttdato: 31.12.2027
Søknadsfrist: 14.06.2026
Giske kommune har om lag 8828 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.