Legetenesta i Herøy har dei siste åra hatt stabil fastlegedekning, og starta 2026 med faste legar i alle våre 11 fastlegeheimlar. Av desse er fire ALIS-legar forøvrig erfarne allmennlegar. Vi har LIS1-lege, og om hausten tek vi imot studentar frå NTNU Trondheim.
Trivsel og fagleg utvikling blir fremja gjennom legemøter kvar veke og internundervisning kvar månad. Alle ALIS-legane får rettleiing kvar veke med spesialist i allmennmedisin. Som vikar får du ansvar for ei fastlegeliste med listetak på inntil 800 personar. Kommuna eig og driv legesenteret, og som næringsdrivande får du ein svært gunstig legeavtale- vesentleg betre enn 8.2 avtale. Vi søkjer primært etter ein lege som vil arbeide på næringsdrift, men andre driftsformer kan diskuterast.Det er pr dato ikkje knytt kommunale oppgåver til heimelen.
Kommuna har 3 legesentre: Herøy legesenter, Myrvåg legesenter og ein solopraksis ved Fosnavåg helsehus. Vi har eigen sjukeheimslege.
Vi deltek i interkommunal legevakt ved Søre Sunnmøre legevakt i Hovdebygda. Denne er bemanna med erfarne sjukepleiarar og ambulansearbeidarar. Det er omlag 35 legar som deler på vaktene. På dagtid helg og kveld, er det alltid to legar på vakt. På natt er det ordning med bakvakt for dei som ikkje har sjølvstendig kompetanse som bakvakt. Legevakta har legebil bemanna med ambulansearbeidar som er med på alle oppdrag. Dette sikrar at vi unngår at legar jobbar åleine.
Les plan for legetenesta vår.
Volda sjukehus er lokalsjukehuset vårt. Det ligg 47 kilometer frå Herøy legesenter og 9 kilometer frå legevakta i Hovdebygda.
Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.
Vi ber om at du laster opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar kan verte kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort.
Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen (kommunalt tilsett) kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med kr. 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.
Jan Magne Remøy, Kommuneoverlege, +47 41200794
Eggesbøvegen 11
6092 FOSNAVÅG
Arbeidsgivar: Herøy kommune
Referansenr.: 5128773332
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 06.07.2026
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !