Vil du vere med å utvikle framtidas pasientforløp innan elektiv ortopedi?
Kysthospitalet i Hagevik (KiH) er ein del av Ortopedisk klinikk ved Haukeland universitetssjukehus. Vi er eit spesialsjukehus innan elektiv ortopedisk kirurgi, og tilbyr pasientane ei heilskapleg helseteneste – frå utgreiing til behandling, pleie, mobilisering og oppfølging. Vi har særleg kompetanse innan ryggkirurgi og avansert protesekirurgi, og gjennomfører årleg om lag 2000 operasjonar og 10–11 000 polikliniske konsultasjonar.
Ved Kysthospitalet arbeider om lag 200 tilsette i eit kompetent og tverrfagleg miljø med sterke tradisjonar for fag, forsking og utdanning.
Vi søkjer no ein utviklingsorientert seksjonsleiar til sengeposten.
Om stillinga
Sengeposten har ca. 30 tilsette – sjukepleiarar og hjelpepleiarar/helsefagarbeidarar - og totalt 22 senger. Det er drift 6 dagar i veka med stengt sjukehus frå laurdag ettermiddag til måndag morgon kl 07. Sengeposten ved Kysthospitalet behandlar i hovudsak pasientar innan hofte- og kneprotesekirurgi og ryggkirurgi. Verksemda er prega av korte liggetider, standardiserte forløp og høg aktivitet. Som seksjonsleiar får du ei sentral rolle i å vidareutvikle pasientforløpa, sikre god ressursutnytting og drive systematisk forbetringsarbeid i eit miljø med høg fagleg kompetanse.
Stillinga inngår i leiargruppa ved Kysthospitalet, og du vil samarbeide tett med fagmiljø i eigen seksjon, andre einingar og klinikken elles.
Vi ser etter deg som:
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kari Indrekvam, Avdelingssjef, 56565800
Hagaviksbakken
5217 Hagavik
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5144675096
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.06.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.