Vi har ledig stilling som rådgjevar for diakoni, kyrkje og samfunn i avdeling for kyrkje og samfunn ved Bjørgvin bispedømekontor.
Stillinga har ansvar for å løyse oppgåver og utføre saksbehandling for biskop og bispedømmeråd med eit særleg ansvar for det diakonifaglege, men vil og ha ulike oppgåver og ansvarsområde innan heile det kyrkjefaglegfagområdet. Bispedømekontoret utfører mellom anna oppgåver med tverrfagleg kompetanseutvikling, arbeidsvegleiing for prester og andre kyrkjelege tilsette, gjennomfører val, driv kommunikasjonsarbeid, tilskotsforvaltning og godkjenningsordningar innan bygg og kyrkjetekstilar. Den som søker vil måtte kunne bidra på nokre av desse områda i tillegg til det diakonifaglege. Bjørgvin bispedøme har satsing på ungdom og unge vaksne som ein sentral del av strategien.
Bispedømekontoret er sekretariat for bispedømerådet og biskop.
Biskopen har samlande funksjonar for kyrkja og rettleier, støttar og fører tilsyn med kyrkjelydar, kyrkjelege tilsette og kyrkjelege råd.
Bispedømerådet har som formål å vekkja og næra det kristne livet i kyrkjelydane. Det skal fremja samarbeid mellom dei lokale einingane i kyrkja. Bispedømmerådet utfører også gjeremål som er pålagt av kyrkjemøtet og kyrkjerådet eller avtalt med sokneråd og kyrkjelege fellesråd.
Avdeling for kyrkje og samfunn har ei viktig rolle i å utvikle bispedømmet gjennom planer, kompetansetiltak og tett dialog med sokn, fellesråd og prostar.
Bispedøme vil i åra som kjem ha prosjekt knytt til Nasjonaljubileet 2030, gjennomføre kyrkjeval i 2027, planlegge ulike studieopplegg rundt mellom anna ungdom og unge vaksne. Den som går inn i denne stillinga vil måtte rekne med å ha delansvar på nokre av desse områda. Då ut frå kompetanse, motivasjon og ei fordeling i stab.
Den som vært tilsett vil ha ansvar knytt til entrepenørskap, kompetanseutvikling og samlingar i breidda av dei kyrkjefagelege fagområda og strategiane. Oppfølging av tilskotsforvaltning og arbeid med frivilligheit er sentrale ansvarsområder. Stillinga vil få ansvar for koordineringsoppgåver inn mot ulike samfunnsinstitusjonar, stiftingar og kyrkjelege organisasjonar på det diakonale feltet. Den som vert tilsett må ha evne til fleksibilitet og å kunne stå i og bidra i endringsprosessar som tar tid. Det vil bli vektlagt erfaring frå prosessleiing og gode evner til å samhandle med mange aktørar.
Bispedømmekontoret held til på Nordnes, i Strandgaten 198 og har 12,3 faste årsverk.
Du blir del av eit spennande lag. Bispedømet har over 11500 frivillige, over 700 tilsette i begge arbeidsgjevarlinjer. Bispedømekontoret har to avdelingar med med 12 tilsette, og nokre prosjektstillingar. Avdeling for kyrkje og samfunn har for tida 6 tilsette. Staben har høgt motiverte og kompetente medarbeidarar, eit godt arbeidsmiljø og vi trivst med å skape mange store og mindre arrangement og prosjekt saman.
Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via Webcruiter
Den som vert tilsett må være medlem av Den norske kyrkja.
Bjørgvin bispedømme skal være ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfold, uavhengig av etnisitet, alder, kjønnsidentitet, funksjonsevne eller legning. Vi oppfordrar dirfor alle kvalifiserte kandidatar til å søke.
* Det vil bli utarbeidet offentleg søkarliste etter offentleglova § 25, jf. kirkeordning for Den norske kirke §42. Anmodning om å få sitt navn unntatt fra denne må begrunnes i søknaden. Behandlingsgrunnlagetter personvernforordningen er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.
* Den som tilsettes må legge frem politiattest (barneomsorgsattest) uten anmerkninger.
Jan Ove Fjelltveit, Stiftsdirektør i Bjørgvin, 95136898
Strandgaten 198
5817 Bergen
Arbeidsgivar: Den norske kirke
Referansenr.: 5151670538
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.09.2026
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.