Teknisk avdeling består av eit allsidig fagmiljø med høg kompetanse innan fleire fagområde. Her finn du mellom anna kjølemaskinistar, automasjonsteknikarar, industrimekanikarar, elektrikarar, røyrleggjarar og sveisarar.
Kvardagen er variert og omfattar oppgåver innan drift, vedlikehald, feilsøking og forbetring av tekniske anlegg. Fabrikken har ei rullerande teknisk vaktordning, og vi legg til rette for kurs og vidareutdanning som bidreg til å styrkje den samla kompetansen i avdelinga.
Den som blir tilsett må gjennomføre konsernet sitt HMS- og hygieneopplæringskurs.
Søknader vurderes fortløpende.
Link til søknadsskjema:
Søk herNortura er en av Norges største matprodusenter, og Gilde og Prior er to av våre mest kjente merkevarer. Vi er bondens selskap; et samvirke eid av over 17.000 norske bønder over hele landet. I Nortura jobber vi hver dag for matglede, helse og bærekraft og er stolte over å bidra til at det blomstrer i norsk matproduksjon. Vi omsetter årlig for om lag 23 milliarder kroner og skaper store verdier for Norge.
Nortura Førde er ei moderne næringsmiddelbedrift med om lag 100 tilsette. Anlegget driv med slakting av storfe, gris og småfe, og er Nortura sitt største skjereanlegg for småfe. I tillegg har vi ei stor ullavdeling. Vi arbeider etter Lean-metodikk, der kontinuerleg forbetring står sentralt for å sikre god dyrevelferd, HMS og effektiv drift.