100% fast stilling i turnus ledig frå snarast
Arbeidsstad
Tilrettelagte tenester f.t Søfteland bufellesskap
Søfteland bufellesskap er det nye bufellesskap under Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune. Vi søkjer fagleg, engasjert og varm vernepleiar til 100 % fast stilling i turnus (ordinære dag- og kveldsvakter, samt langvakter på helg; m/arbeid kvar 4. helg). Stillinga inngår i ressursbemanninga i eininga; Tilrettelagte tenester. Dette betyr at din kompetanse kan bli brukt mellom dei ulike bufellesskapa.
Om arbeidsstaden
Tilrettelagte tenester gjev tenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar. Tenestene, for vaksne, omfatter ni bufellesskap og to dagsenter. Søfteland bufellesskap ligg i eit etablert bustadområde på Søfteland, ca.10 minutt frå Os sentrum. Her bur seks unge, vaksne, tenestemottakarar med varierande og samansette funksjonsnedsettingar. Vi er i ein spennande oppstartsfase og ønskjer nye kollegaer som vil vere med å forma og vidareutvikla ein trygg og fagleg sterk arbeidsplass.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Vi vil kalla inn til intervju fortløpande og etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema:
Søk herBjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?