Heimetenesta i Herøy søkjer ein engasjert helsefagarbeidar som vil vere med på å sikre gode tenester til innbyggerane. Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag, der fagleg kvalitet, gode relasjonar og samarbeid står i sentrum.
Du blir ein del av eit inkluderande og engasjert fagmiljø, der vi støttar kvarandre og jobbar saman for å gi gode tenester. Det passa for deg som trivst med å arbeide sjølvstendig, møte menneske der dei bur, og ferdast rundt i det vakre landskapet i Herøy kommune.
Heimetenesta i Herøy har no ledig eit 80 % vikariat som helsefagarbeidar, for tida i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg.
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.
Godkjent autorisasjon og politiattest må leggast fram før tilsetting.
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.
Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidater vert kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.
Maria Kristin Kvalsvik, Seksjonsleiar, +47 99210059
Sjukeheimsvegen 5
6092 FOSNAVÅG
Arbeidsgivar: Herøy kommune
Referansenr.: 5129617013
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Startdato: 14.09.2026
Søknadsfrist: 20.08.2026
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !