Er du ein som ønskjer å gjere ein forskjell for menneske i sårbare livssituasjonar? Ønskjer du å bidra til at pasientar blir møtt med respekt, likeverd og omsorg?
Då kan dette vere ei stilling for deg.
Hjå oss blir du ein del av eit tverrfagleg miljø med høg kompetanse og stort engasjement – frå psykologar og overlegar til miljøterapeutar, miljøarbeidarar, erfaringskonsulentar og helsesportspedagog.
Seksjon døgn har ledig eit 100 % vikariat frå 01.09.2026 til 31.05.2027. Vi søkjer deg som har autorisasjon som helsefagarbeidar.
Stillinga innber tredelt turnus inkludert arbeid på natt. Arbeid kvar tredje helg eller mulighet for arbeid kvar fjerde helg med lange vakter.
Les meir om Nordfjord psykiatrisenter her.
Personlege eigenskapar blir lagt vekt på.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Synnøve Merethe Johnsen, Seksjonsleiar, (+47) 971 89 629
Sjukehusvegen 9
6770 NORDFJORDEID
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5146015834
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.09.2026
Sluttdato: 31.05.2027
Søknadsfrist: 05.07.2026
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.