Kartverket er staten sitt fagorgan for kart, geodata og eigedomsinformasjon. Vår oppgåve er å byggja og vedlikehalda nasjonalgeografisk infrastruktur for sjø og land, og samarbeida med kommunar, statlege organ og private aktørar.
I vakre Hardanger, med fjord og fjell som ramme, ligg Kartverket sitt kundesenter i Kinsarvik. Her møter du eit dedikert team som er fyrste kontaktpunkt for alle som treng hjelp med eigedomsinformasjon, tinglysing eller kartdata. Kundesenteret er kjent for høg kvalitet og rask respons, og har som mål å yte god service til både privatpersonar og profesjonelle aktørar. I tillegg til å vera kundesenter har me også ansvaret for tinglysing av burettslagsandelar.
Med rundt 45 medarbeidarar er kundesenteret ein viktig del av Kartverket si nasjonale teneste, og leverer løysingsorientert service til heile landet. Digitale verktøy er kvardagen vår. Dei fleste tenestene våre er digitale, eller i ferd med å bli digitalisert. Kundane tek i hovudsak kontakt via telefon, medan andre vel chat eller e-post.
Kartverket Ullensvang har no ledig tre faste stillingar som saksbehandlar. Kanskje du blir ein av oss?
I Kartverket kombinerer vi stolte tradisjonar med framtidsretta teknologi for å løyse samfunnskritiske oppgåver. Verdien av fellessløysingane og den geografiske infrastrukturen Kartverket forvaltar er estimert til 30 milliardar kroner årleg innanfor viktige samfunnsområde som tryggleik og beredskap, klima, miljø og natur, kommunal forvaltning og privat næringsliv.
Vi trur på moderne måtar å jobbe på. Med ei produktorganisert tilnærming set vi brukarane i sentrum og sikrar rask verdi gjennom kontinuerlege leveransar. Vi har ein ambisjon om å gi alle våre tilsette ein kvardag der meistring og arbeidsglede står høgt i fokus. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidas løysingar.
Fyll ut felta “Utdanning” og “Arbeidserfaring” og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
Kartverket er oppteken av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Me har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunnar, erfaringar, kompetansar og perspektiv for å løyse vårt samfunnsoppdrag. Me oppfordrar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.
Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil me kalle inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylle visse krav. Du kan lese meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.
Søkjarlista er offentleg. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast.
Om du treng teknisk hjelp til søknaden, ta kontakt med support hos Grade Jobbnorge.
Fra sjø til land. Fra det ytterste verdensrommet til dypeste havbunner. Vi i Kartverket vet at alt skjer et sted, og at geografisk informasjon og eiendomsinformasjon er viktige komponenter i utviklingen av bærekraftige samfunn og nye digitale, produkter og tjenester.
Våre ambisjoner på vegne av Norge er store. Vi er over 800 stolte kartverksansatte som hver dag står opp og bidrar til Norge skal bli ledende i bruken av geografisk informasjon. I 2024 ble vi tildelt den prestisjefylte "Bedre Stat"-prisen for vårt arbeid med å digitalisere samhandling ved eiendomshandel.
Vår jobb er å gjøre det enkelt å samle, bearbeide og dele stedfestet informasjon.Våre data spiller en nøkkelrolle i fremtidens bærekraftige samfunn og for å finne svare på fremtidens klimautfordringer. Vi er statens fagorgan for kart, geodata og eiendomsinformasjon. Vår oppgave er å bygge og vedlikeholde nasjonal geografisk infrastruktur for sjø og land, og samarbeide med kommuner, statlige organer og private aktører.
Vi har 13 kontorsteder fra sør til nord, samt et jordobservatorium på 79 grader nord. Kartverket ble etablert i 1773 og er den eldste tekniske etaten i Norge.
Vi trenger stadig flere på laget. Kanskje du blir en av oss?
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.