UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAVelkomen som søkjar til ei 20 % åremålsstilling (ekstraerverv - «bistilling») som førsteamanuensis II i kunsthistorie med spesialisering i arkitekturhistorie ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE). Åremålsperioden for stillinga er to år frå tilsetjing.
Eit krav for tilsetjing i ekstraerverv er at ein har ei hovudstilling (minst 50 %) utanfor Universitetet i Bergen i heile åremålsperioden.
Instituttet har kring 80 vitskapleg tilsette, 18 administrativt tilsette, og kring 50 ph.d.-kandidatar og postdoktorar. Me tilbyr studieprogram i nordisk språk og litteratur, klassisk filologi, allmenn litteraturvitskap, digital kultur, lingvistikk, norsk som andrespråk, norrøn filologi, kunsthistorie, teatervitskap, og norskkurs for utanlandske studentar og tilsette ved Universitetet i Bergen.
For tida arbeider tre stipendiatar og seks fast tilsette i kunsthistorie.
Undervisingsspråket er norsk eller skandinavisk.
Pågåande forsking og potensial til å styrke instituttet si faglege tyngde i åra framover blir tillagt vekt.
Den som blir tilsett må vere godt personleg eigna for stillinga, og ein vil leggja vekt på at kandidaten er skikka til å driva undervisingsarbeid. Samarbeidsevner, formidlingsevner og entusiasme for arbeidet blir óg tillagt vekt.
Tilsetjing i stillinga krev at ein har arbeidsplass ved Universitetet i Bergen tilsvarande stillingsprosenten, og at ein følger gjeldande retningslinjer.
Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande:
Søknadstekst, CV og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Namngje vedlegga tydeleg.
Aktuelle søkjarar vil bli inviterte til intervju og eventuelt prøveforelesing.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte instituttleiar, Anders Fagerjord, e-post: anders.fagerjord@uib.no, tlf: 55 58 36 53.
Spørsmål til den elektroniske søkeprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.