Fjord1 planlegg å innføra 2:4-turnus i sambandet Arsvågen–Mortavika om bord på våre gassferjer. No søker vi maskinsjefar som ønsker å vere med på den nye ordninga.
Den nye turnusordninga med 2 veker på arbeid og 4 veker fri, gir moglegheit for god balanse mellom arbeid og fritid. I arbeidsperioden bur du om bord, og reise til og frå arbeidsstaden vert dekt.
Arbeid om bord gir verdifull erfaring og ettertrakta kompetanse innan drift av gassfartøy. Som maskinsjef får du ei sentral rolle i å sikre effektiv drift og teknisk stabilitet om bord. Du har ansvar for vedlikehald og overvaking av maskineri og energisystem, og vert ein nøkkelperson for å halde høg driftssikkerheit i sambandet. Om bord finn du eit inkluderande arbeidsmiljø med gode kollegaer og ein triveleg gjeng som skapar eit godt fellesskap.
Teknisk leiar om bord har ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr og system fungerer i samsvar med krav frå klasseselskap og styresmakter. Du vil ha ei sentral rolle i vedlikehald etter AMOS-systemet, og bidra til at tryggleikstyringssystemet følgjer ISM-koden.
Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
Arbeidet omfattar opplæring av personell, oppdatering av vedlikehaldsdokumentasjon og reservedelsoversikt, samt budsjettering og bestilling av teknisk utstyr. Du skal føre dagleg oversikt over forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn, og sikre at maskindagbøker og stoffkartotek er oppdaterte. Reinhald og brannførebygging inngår også i ansvarsområdet.
Vi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.
Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, +47 92880859, benedicte.ellingsen@fjord1.no
E39
5561 Føresvik
Arbeidsgiver: Fjord1 AS
Referansenr.: 5143468913
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.06.2026
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.