Vil du vere med i eit målretta og godt etablert team med fokus på miljø og kvalitet?
Vi ser etter ein fleksibel og serviceinnstilt tilkallingsvikar som kan stille opp ved behov, til dømes ved sjukdom, anna fråvær og ferieavvikling.
Miljøstasjonen i Hovdebygda har drift alle vekedagar gjennom heile året, i tillegg til kveldsope tysdagar og laurdagsope delar av året. Vi har dirfor behov for deg som kan vere fleksibel og ta vakter både på dagtid, kveld og laurdag.
Serviceinnstilt. Du vert VØR sitt ansikt mot kundane
Fleksibel
Evne til å arbeide sjølvstendig og vere løysingsorientert
Strukturert og påliteleg
Gode samarbeidsevner og ikkje redd for å ta eit tak
Førarkort klasse B, også for manuell gir
Meistrar norsk munnleg og skriftleg
Grunnleggjande datakunnskapar
Gjerne truckførabevis (ikkje krav)
Rettleiing og bistand til kundane i miljøstasjonen
Pakke og klargjere ulike avfallsfraksjonar
Rydding, handtering og transportoppdrag
Operatør i vekta ved behov
Andre oppgåver, både knytt til miljøstasjonen og til VØR sitt anlegg på Melsgjerdet
Nødvendige kurs og opplæring vil bli gitt.
Vi tilbyr regulerte løns- og arbeidsforhold i ein spennande bransje med eit viktig miljøoppdrag. For stillinga gjeld ordinære tilsettingsvilkår i tråd med reglement for offentlege tilsette.
Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS har ansvar for innsamling og handtering av avfall frå alle hushaldningane. Drifta i VØR er delt på to lokasjonar, der innsamling ute hos abonnentane er knytt mot det nye anlegget vårt på Melsgjerdet i Ørsta. I Hovdebygda har vi miljøstasjonen og administrasjonen vår, saman med Retura Søre Sunnmøre AS. Selskapet omsette i 2025 for 56 mill kr og har 20 tilsette. VØR er godkjend lærebedrift og sertifisert etter ISO9001.