Vil du jobbe innan PPT?
Rettleiingstenestene i Bergensområdet (kontorstad i Åsane, sentrum og Nesttun) har ledig 3 faste stillingar i 100% frå 1. september 2026.
Rettleiingstenesta er ei brukarnær teneste i vidaregåande opplæring i Vestland fylkeskommune. Primæroppgåva til tenesta er å leggje til rette for at flest mogleg ungdomar og vaksne fullfører vidaregåande opplæring. Vi har eit nært samarbeid med skulane, kommunane, NAV og andre aktuelle instansar. Vi skal bidra til lærelyst og fremje læring for elevar og lærlingar. Dette gjer vi gjennom å følgje opp elevar, lærlingar, støtte ungdom utanfor opplæring, rettleie vaksne og yte pedagogisk-psykologiske tenester. Tenesta består av eit tverrfagleg team innan fagfelta pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), oppfølgingstenesta (OT), opplæring i bedrift (OIB) og vidaregåande opplæring for vaksne.
Bidra til at rettleiingstenesta leverer tenester med høg fagleg kvalitet til elevane og lærlingane ved å:
Arbeidsoppgåver og arbeidsform i tenesta krev stor grad av sjølvstende.
Vi søkjer deg som har:
Det er ein fordel om du har:
Personlege eigenskapar vert særleg vektlagt. Det er krav om politiattest før tilsetjing.
Vi søkjer etter deg som:
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Givande arbeid med ungdom og vaksne i vidaregåande opplæring i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse.
Vi er opptekne av trivsel i arbeidet, og å ha eit godt og uformelt arbeidsmiljø. Slik gjer vi kvarandre gode og skapar engasjement.
Løn etter avtale.
Gode pensjons- og forsikringsvilkår.
Stillingsnemning konsulent/rådgjevar/seniorrådgivar/psykolog etter kvalifikasjonar og erfaring.
Kjersti Wolden, leiar, +47 92037178
Lars Hilles gate 22
5008 Bergen
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5149859733
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.08.2026
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.