Fordi vårt fjelloppsyn Oskar Pettersen har takka ja til å bli ny dagleg leder frå nyttår, så har fjellstyret nå ei ledig stilling som fjelloppsyn.
Pga vaktordning i fiskeanlegget (Vågåfisk) er det eit ønskje om at den som blir tilsett, bur i kommunen/distriktet.
Oppstart 1. januar 2027 eller etter nærmare avtale.
Søknadsfrist 20. juli 2026.
Meir informasjon om Vågå fjellstyre finn du på fjellstyret si heimeside, www.vaga-fjellstyre.no.
Vi kan elles nemne at Vågå byr på store område for eit aktivt friluftsliv, med god tilgang på jakt og fiske. Seterbruk og beitebruk har lange tradisjonar. Ein del av Jotunheimen nasjonalpark ligg i Langmorkje statsallmenning. Med bl.a. Gjende og Besseggen som kjente turmål, er det stor utfart i statsallmenningen.
Vil du vite meir om fjellstyrene i Norge finner du det her og her samt i fjellstyrenes 100 års jubileumsfilm.
Merk at namnet på ein søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om at namnet blir uttatt offentlegheit. Ønskje om unntatt offentlegheit må grunngjevast i søknaden, jf. offentlegheitslova § 25, andre ledd. Du vil bli varsla dersom ønskje ikkje kan etterkomast.
Viss du vil søkje på stillinga, gjer du det ved å trykke på "Søk"-knappen nedst til høgre i annonsen.
Vågå fjellstyre forvaltar bruksrettane, dvs. jakt, fangst, fiske, seterbruk og beite i Langmorkje og Nordherad statsallmenningar etter fjellova og med tilhøyrande forskrifter. Med eit samla areal på ca. 900.000 dekar utgjer statsallmenningane ca. 2/3 av arealet i kommunen. Fjellstyret har ei årleg omsetning på ca. 6 mill. kroner, og har tre tilsette (ca. 2,7 årsverk). Dei tilsette har også ansvar for dagleg drift av settefiskanlegget AS Vågåfisk.