Fjord1 har no ei ledig stilling som maskinsjef i sambandet Eidsdal - Linge, p.t. trafikkert av vår nybygde EL-ferje MF Norddalsfjord.
Som maskinsjef vil du ha ei sentral rolle i å sikre effektiv drift og teknisk stabilitet om bord. Du får ansvar for vedlikehald og overvaking av maskineri og energisystem, og vil vere ein nøkkelperson i å oppretthalde høg driftssikkerheit på sambandet.
Turnus er 2 veker på (1 uke dag/1 uke natt) og 2 veker av, noko som gir deg lange, samanhengande friperiodar og gjer det enklare å planleggje familieliv og fritid. Ved behov er det moglegheit for hybelordning i Eidsdal.
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!
Jill Mari Juberg, Rekrutteringsmedarbeider, +47 +4794082518
6210 Fjord
Arbeidsgivar: Fjord1 AS
Referansenr.: 5152402282
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.08.2026
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.