Vi har ledig ei 100 % fast stilling frå 1. september 2026 ved blautkirurgisk seksjon på Volda sjukehus, som er ein del av Helse Møre og Romsdal HF. Seksjonen er aktiv og framtidsretta, med eit breitt fagleg spekter innan blautkirurgi.
Seksjonen tilbyr eit variert arbeid med oppgåver innan poliklinikk, operativ verksemd og deltaking i vaktordning, noko som gir gode moglegheiter for fagleg utvikling og brei klinisk erfaring. Vi legg stor vekt på tett tverrfagleg samarbeid og eit inkluderande arbeidsmiljø der kunnskapsdeling, fagleg engasjement og samarbeid står sentralt. Som lege i spesialisering vil du få arbeide saman med erfarne spesialistar og vere ein viktig del av eit kompetent fagmiljø som er oppteke av kvalitet og pasienttryggleik.
Seksjonen har eit sterkt fokus på utdanning og kompetanseutvikling, og legg godt til rette for rettleiing, supervisjon og progresjon i spesialiseringsløpet.
Vi ønskjer å gi våre LIS-legar best mogleg fagleg oppfølging og gode rammer for å utvikle seg både fagleg og personleg gjennom spesialiseringa.
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her.
Therese Karina Saunes, Seksjonsleiar lege, Therese.Karina.Saunes@helse-mr.no
Gunnar Steve Dagslott, Seksjonsleiar, Gunnar.Dagslott@helse-mr.no
Kløvertunvegen 1
6103 Volda
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5161998656
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.08.2026