Søk jobb hos oss og bli ein del av eit triveleg arbeidsmiljø i Aukra kulturhus. Dette kan vere den perfekte jobben for deg som er student, ønskjer ei ekstra inntekt eller ein jobb med fleksibel arbeidstid.
Symjebassenget har ope alle vekedagar og er ein viktig møteplass for folk i alle aldrar. Vi ser etter deg som er serviceinnstilt, glad i menneske og tek ansvar for at gjestene våre får ei trygg og god oppleving.
Særskilte krav:
Det vert stilt krav om politiattest
Prøvetid:
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.
Søkarliste:
Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Søknad sendast:
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Send søknad" Søknadsfrist: 17. august 2026.
Tiltreding: Etter avtale
Kontaktperson: Anne Jorunn Sandøy tlf. 9590705
Link til søknadsskjema:
Søk herKulturavdelinga utfører tenester innafor arbeidsfelta ungdomsarbeid, folkehelse, rus- og kriminalitetsførebyggande arbeid, idrett og friluftsliv, frivilligsentral, kulturskole, bibliotek, samt kulturformidling og lokalhistorisk arbeid.
Viktige samarbeidspartar for tenestene er alle som engasjerer seg som frivillige, det frivillige kulturlivet og einingane i kommunen. Kultur har delt drifta inn i ni ulike sjølvstendige fagområde. Den store bredda i fagfelta vert utnytta som ei styrke i utviklinga av kulturfeltet i kommunen.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.