Helse Fonna HF søkjer ein strategisk, samlande og handlekraftig klinikkdirektør til kirurgisk klinikk. Dette er ei sentral toppleiarrolle for deg som vil kombinere strategisk leiing, fagleg utvikling, god drift og eit tydeleg samfunnsoppdrag. Kirurgisk klinikk har eit breitt samansett fagmiljø med høg aktivitet, og omfattar fleire kirurgiske spesialitetar, poliklinikkar, operasjons- og sengeeiningar.
Som klinikkdirektør får du det overordna faglege, økonomiske og administrative ansvaret for den samla drifta i klinikken. Du blir ein del av den øvste leiargruppa i føretaket, bidreg aktivt til den strategiske utviklinga av heile Helse Fonna og rapporterer direkte til administrerande direktør.
Dette er ei leiarrolle med stort ansvar og med stor moglegheit til å påverke utviklinga av kirurgiske tenester i regionen.
Personlege eigenskapar blir vektlagde.
Vi oppmodar alle søkjarar til å bruke Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Anders Hovland, Administrerande direktør, +4793287565, anders.hovland@helse-fonna.no
Siren Eldøy Hinderaker, HR direktør, +4792220894, siren.eldoy.hinderaker@helse-fonna.no
Karmsundgata 120
5528 Haugesund
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5151905621
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.08.2026
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.