Har du lyst på utfordrande arbeidsoppgåver i verdas beste vesle Stad? Vi søkjer etter driftspersonell i driftsgruppe Vegdrift og park.
Kommunalteknikk er ei eining under kommunalområdet Kultur og Samfunn i Stad kommune, saman med Eigedom, Kultur, Plan og forvaltning og Brann. Kommunalteknikk har ansvaret for all offentleg infrastruktur i kommunen. Vi driftar og vedlikeheld kommunalt vegnett, parkanlegg, kommunale hamner, kommunaltekniske anlegg og infrastruktur knytt til vassforsyning, avløp og overvasshandtering.
Vi har ein brei bil-, maskin- og utstyrspark, og vi har eigen verkstad i Øyane på Nordfjordeid.
Fagarbeidar i driftsgruppe Vegdrift og park vil primært vere knytt opp mot kommunal vegdrift og tilhøyrande naudsynt vegvedlikehald. Dagleg oppmøtestad er i Øyane på Nordfjordeid. Arbeidsoppgåvene vil finne stad både i indre og ytre del av kommunen.
Vi ber om at attestar, vitnemål og relevante referansar vert lagt ved søknaden.
Stad kommune har seks månader prøvetid. Poitiattest skal leggast fram før start i stillinga. Aktuelle søkjarar må ha førarkort.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Ring gjerne for ein prat!
Hilde Hovden, einingsleiar kommunalteknikk, tlf. 92612855
Hilde Hovden, Einingsleiar kommunalteknikk, 92612855, Hilde.Hovden@stad.kommune.no
6770 Nordfjordeid
Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5144473886
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.08.2026
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!