Vang kommune har to ledige lærlingplassar for helsefagarbeidar frå hausten 2026.
Som lærling hjå oss inngår du lærekontrakt for læretida di, og får variert erfaring med praksis ved fleire avdelingar innan helse og omsorg; tilrettelagte tenester, på dagsenter, sjukeheimen og i heimetenesta.
Lærlingar har rettar og plikter som andre arbeidstakarar. Som lærling har du krav på opplæring, rettleiing og vurdering undervegs i læretida. Etter endt opplæring på arbeidsplassen går du opp til fagprøve.
Ein helsefagarbeidar gjev omsorg, og utfører grunnleggjande pleie til menneske som er sjuke eller har behov for pleie og omsorg. Det er både yngre og eldre menneske, i og utanfor institusjon.
Du er velkomen til å søke læreplass i Vang kommune om du tilfredsstiller desse krava:
Gyldig politiattest skal leverast før oppstart i læretid.
Joanke Tito, Rådgjevar Helse, 95404279, Joanke.Tito@vang.kommune.no
Tyinvegen 5150
2975 Vang i Valdres
Arbeidsgiver: Vang Kommune
Referansenr.: 5067853900
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Søknadsfrist: 31.07.2026
Vang kommune er oppteken av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkjarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkjarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkjar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.