Dialysen i Ålesund behandlar pasientar med kronisk og akutt nyresjukdom. Vi har eit sterkt fagleg miljø med pasienten i fokus. I tilknytning til vår avdeling har vi peritonealdialyseeining, satelittdialysestasjon ved Volda sjukehus, nyrepoliklinikk, nyreskule og oppfølging av transplanterte pasientar. Vi er ei dagavdeling som for tida er i drift 6 dagar i veka, frå mandag til og med lørdag.
Vi søker etter deg som ønsker å utvikle denne veldrevne seksjonen vidare framover. Med på laget får du dyktige og fagleg engasjerte sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar, og samarbeidar tett med nyrelegane. Det er høgt fokus på fagleg utvikling og samarbeid i seksjonen, noko som bidreg til eit godt lærings- og arbeidsmiljø.
Seksjonsleiar er ein del av avdelinga si leiargruppe, og er direkte underlagt avdelingssjef. Det vil vere tett samarbeid med dei øvrige 6 seksjonsleiarane ved Medisinsk avdeling og avdelingssjefen. Oppdraget til medisinsk avdeling er å levere spesialisthelsetenester av høg kvalitet til innbyggarane i Møre og Romsdal. Våre verdiar bygger på tryggleik, respekt og kvalitet.
God opplæring og leiarstøtte vil bli gitt!
Vi har eit høgt faglig nivå med fokus på utvikling av pasientens helseteneste innanfor dei akutelle fagområda. Vi håper du vil vere den som driv dette arbeidet videre!
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfald av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!
Jørn-Åge Longva, Avdelingssjef (lege), +47 93423140, Jorn-Age.Longva@helse-mr.no
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5149868960
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.08.2026
Vi ønsker leiarar som er synlege, ansvarlege og som forstår at teamarbeid er avgjerande for å lykkast med samfunnsoppdraget. Som leiar må du engasjere og lede an i utviklinga av kultur og identitet i helseføretaket. Vi treng deg som kommuniserer godt, tar ansvar og beslutningar, og som har handlekraft til å drive fram konkrete forbetringar saman med teamet ditt. Vi gir deg opplæring på veien, tilgang på styringsinformasjon og tilbod om utvikling gjennom leiargruppa di - slik at du får utvikle deg som leiar i samsvar med dine eigne og helseføretaket sine forventingar. Tek du utfordringa?
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal