Vi søkjer deg som er sjukepleiar, enten du er nyutdanna eller har erfaring, og som ønskjer ein variert arbeidskvardag hos oss.
Vi har ledig:
Stillingane inngår i tredelt turnus. Oppgi i søknaden kva stilling(ar) du ønskjer å bli vurdert for.
Hos oss får du ein variert kvardag der du lærer prosedyrar, opparbeider deg brei kunnskap innan indremedisin og jobbar tett med andre faggrupper. Vi legg vekt på fagleg utvikling, jamnleg simulering og undervisning, og har fokus på eit godt arbeidsmiljø.
Medisinsk sengepost er ei spennande heildøgnseining med 16 senger, inkludert tre observasjonssenger for pasientar som treng kontinuerlig observasjon. Vi er lokalsjukehus for Nordfjord med indremedisinsk akuttfunksjon. Her behandlar vi dei fleste indremedisinske diagnosane, inkludert palliasjon og stabilisering av akutte pasientar som skal til eit høgare omsorgsnivå.
Nordfjord sjukehus og lokalmiljøet
Nordfjord sjukehus ligg sentralt i Nordfjord og er eit av tre sjukehus i Helse Førde.
Nordfjordeid har gode tilbod innan barnehage og skule, samt eit aktivt kultur- og fritidstilbod. Området byr på flotte moglegheiter for friluftsliv, med kort veg til både fjord og fjell. Det er også kort avstand til flyplass.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Maria Charlotta Berg Langvik, Seksjonsleiar, (+47) 416 48 264
Sjukehusvegen 14
6770 Nordfjordeid
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5145094964
Stillingsprosent: 100, 50%
Vikariat
Startdato: 06.07.2026
Sluttdato: 16.08.2027
Søknadsfrist: 09.08.2026
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.