Stad kommune søkjer etter ferievikar til vedlikehald av grøntområde i perioden juni - august 2026.
Arbeidsstad vil vere i Selje og på Stadlandet. Er det periodar du ikkje kan arbeide må du informere om det.
Hilde Hovden, Einingsleiar kommunalteknikk, 92612855, Hilde.Hovden@stad.kommune.no
Hovevegen 67
6740 Selje
Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5144469165
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 28.06.2026
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!