UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAVer med å forme framtidas IT-teneste for forsking ved UiB!
Ved IT-avdelinga, Seksjon for IT-fellestenester er det ledig stilling som Openstack systemingeniør, (avdelingsingeniør / overingeniør / senioringeniør) i gruppa for datasenter.
IT-avdelinga sitt oppdrag er å levere gode IT-tenester og bidra til at UiB når sine mål. Vi leverer eit breitt spekter av IT-tenester innan utvikling, drift, forvaltning og brukarstøtte. IT-avdelinga har om lag 140 tilsette, og i tillegg lærlingar og deltidstilsette studentar. IT-avdelinga legg vekt på kontinuerleg forbetring med Lean-metodikk og nyttar ITIL-rammeverket for organisering av tenesteleveransar. Sjå meir om avdelinga her:
https://www.uib.no/it/155335/om-it-avdelingen-ved-uibGruppa for datasenter inngår som del av Seksjon for IT-fellestenester og har ansvar for drift og utvikling av Openstack tenesta NREC (sjå https://www.nrec.no/). IT-avdelinga styrker nå gruppa i samband med at det skal opprettast ein ny region i skytenesta. NREC er drifta i eit samarbeid mellom UiO og UiB og skal nå utvidast med deltaking frå Sigma2. (https://www.sigma2.no)
Den som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområde.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: gruppeleiar Christoffer Krzywinski (christoffer.krzywinski@uib.no, mobil 982 43 689) eller seksjonsleiar Jan Kristian Walde Johnsen (jan.johnsen@uib.no, mobil 917 15 378).
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om IT-avdelinga her.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.