Er du ein meister i grytane og i møte med mennesker? Då treng vi deg til vårt oppleringskjøken, kor mat skapar endring.
I Bergen fengsel er det mange arbeidsoppgåvar og aktivitetar som skal gjerast saman med dei innsette. For at vi skal ha eit velfungerande lite samfunn, treng vi ein motivert og engasjert kokk som kan bidra til å oppretthalde produksjonen, kvaliteten og driften på fengselskjøkenet.
Vi søkjer ein fagperson med stolthet for kokkefaget, som ønskjer å dele sin kunnskap og erfaring med andre. Du må like å drive med opplæring og rettleiing – og vere god på å byggje relasjonar. Vi ser etter deg som har både tryggleik, formidlingsevne og evne til å sjå potensialet i mennesker.
Ved tilsetting tiltrer ein i stilling som verksbetjent – ei rolle som kombinerar praktisk arbeid med ansvar for opplæring og oppfølgjing av innsette. Ein verksbetjent skal kunne ta sjølvstendige avgjerder, og vere ein tydeleg og trygg leiar i sitt fagfelt. Du må ha evne til tryggleikstenking, grensesetjing og konfliktløysing, og i tillegg vere ein god samtalepartnar og rettleiar.
Er du ein engasjert, positiv og raus person med knusande ro, som brenn for kokkefaget – og som ønskjer å gjere ein forskjel i andres liv? Då vil vi gjerne høyre frå deg.
Den som blir tilsett, må vere villig til å gjennomføre kriminalomsorga si utdanning som verksbetjent.
Personlege eingenskapar vil bli vektlagt
Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her: herhttps://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til verksmeistar Tom Dall-Larsen tlf. 55393707/ mobil: 47450584
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.
Les meir om verksemdsstrategien vår her.
http://www.kriminalomsorgen.no/virksomhetsstrategi.549866.no.html
Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.
Kriminalomsorgen region vest omfattar fem fengsel, tre friomsorgskontor, ein overgangsbustad og Senter for narkotikaprogram med domstolskontroll. Region vest har ca. 500 tilsette i Vestland og Møre og Romsdal. Regionadministrasjonen ligg i Bergen.
Bergen fengsel er eit av dei største fengsla i landet. Bergen fengsel har fokus på individuell fangehandsaming og tverrfagleg samspel