Gossen barne og ungdomsskole søkjer lærarar, 1 fast og 1 midlertidig i 100% eller delt stilling, med oppstart 1.8.2026.
Arbeidsoppgåver
Stillinga er knytta til undervisning. Kontaktlæraransvar kan vere ein del av stillinga.
Det ønskeleg med undervisningskompetanse i eitt eller fleira av faga norsk, norsk for framandspråklege, naturfag, mat og helse, kunst og handverk, kroppsøving. Det er og ein fordel om du har spesialpedagogikk.
Vi legg vekt på at du har dei personlege eigenskapane vi ønsker.
På Gossen barne- og ungdomsskole blir du ein del av eit engasjerande, utviklingsorientert og inkluderande læringsmiljø med dyktige tilsette som ønskjer å leggje til rette for at elevane skal trivast, vere trygge, lære og utvikle seg i eit fellesskap med andre. Vi legg og vekt på å jobbe saman med elevane og heimen for å nå målet om at alle skal høyre til. Vi har ein flott skole med gode fasilitetar både ute og inne. Skolen har delteke i fleire nasjonale satsingar og samarbeider tett med sterke og relevante samarbeidspartnarar. På Gossen barne- og ungdomsskole kan du utvikle deg saman med andre i eit sterkt fagfellesskap, og vere med å gjere ein forskjell i elevane sine liv.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Kommunale tilsettingsvilkår og løn etter tariff
- Utdanningsstønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning
- Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk
Særskilte krav
Det blir stilt krav om politiattest
Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader
Søkarliste
Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Søknad sendast
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling"
Link til søknadsskjema:
Søk herGossen barne- og ungdomsskole er ein 1.-10 skole som ligg på øya Gossen i Aukra kommune. Skolen har ca 300 elevar og ca 60 tilsette. Skolen vart opna hausten 2013, og vi har flotte rammer for opplæringa både inne og ute. Vi har vore med i fleire utviklingsprosjekt og er no med i Utdanningsdirektoratet si satsing Inkluderande barnhage- og skolemiljø saman med den andre skolen og barnehagane i kommunen.