Innkjøp er eit strategisk viktig område for Stad kommune og skal vere med på å sikre at vi når måla våre. Stad kommune ønskjer å styrke arbeidet med offentlege innkjøp, og har ledig 100 % stilling som fagleiar for offentlege innkjøp.
Stad kommune kjøper varer og tenester til kommunal eigenproduksjon i drift for om lag 115 mill kroner i året, noko som utgjer om lag 15 % av det årlege driftsbudsjettet.
I tillegg kjøper kommunen varer og tenester for om lag 50 mill kroner per år over investeringsbudsjettet. Våre viktigaste innkjøp er bygg- og anleggskontraktar, konsulenttenester og varekjøp. Vi har eit stort omfang av rammeavtaler som er viktige for å levere gode tenester.
Vi søkjer deg som har god erfaring med offentlege innkjøp og som ønskjer å medverke til at Stad kommune når sine mål. Du vil gje råd i offentlege innkjøp, gjennomføre innkjøpsprosessar, kontraktsforhandling og følge opp kontraktar.
I denne stillinga blir du ein del av eit fagleg team som arbeider med større prosjekt. Du blir også ein del av eit hyggjeleg arbeidsmiljø som jobbar for å finne dei beste løysingane saman.
Dersom du delar ambisjonane våre og ser at dette er ei stilling som passar godt til kompetansen din så vil vi gjerne høyre frå deg.
Om du har spørsmål til stillinga, ta kontakt med prosjektkoordinator Merete Nerland tlf. 97 99 04 40 eller kommunalsjef Astrid Fossheim Paulsen tlf. 48 11 68 06.
Stillinga er plassert i kommunalområde for Kultur og samfunn og har kontorstad på Nordfjordeid. Om ønskjeleg kan ein delvis få kontorstad i Selje.
Vi ber om at arbeidsattestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden. Stad kommune har seks månader prøvetid.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Astrid Fossheim Paulsen, kommunalsjef kultur og samfunn, +47 48116806, astrid.paulsen@stad.kommune.no
Merete Nerland, Prosjektkoordinator, 97990440, merete.nerland@stad.kommune.no
Rådhusvegen 11
6770 Nordfjordeid
Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5132358986
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.06.2026
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!