Vil du leia ei nyoppretta eining med stor betydning for utviklinga i kommunen og innbyggjarane sitt møte med oss?
Me søker ein fleksibel og innsiktsdriven leiar til ei nyoppretta eining med ansvar for investering, kultur og kundekontakt. Stillinga gir eit unikt høve til å bygga eininga frå start.
Du vil ha ei sentral rolle i å:
- leia dyktige medarbeidarar innan kultur, bibliotek, kundesenter, investeringar og arkiv
- leia innkjøpsprosessar og anbodsutlysingar
- planlegga og gjennomføra investeringsprosjekta til kommunen
Stillinga inneber både leiing av medarbeidarar og sjølvstendig fagleg arbeid.
Aktuelle arbeidsoppgåver kan vera:
- Overordna ansvar for å halda i investeringsporteføljen til kommunen
- Prosjektstyring av utbyggings- og utviklingsprosjekt
- Gjennomføring av anskaffingar og konkurransar i tråd med regelverk
- Bidra strategisk til den heilskaplege utviklinga i kommunen
- Leiing og utvikling av medarbeidarane til avdelinga
- Vidareutvikla kundesenter, arkiv og publikumsretta tenester
Kven ser me etter?
- me søker etter ein person som både kan leia og levera
- du er motivert av ansvar, og trivst med å omsetta planar til konkrete resultat
- er ein tydeleg og inkluderande leiar
- har godt humør
- er ein lagspelar som òg kan jobba sjølvstendig
- jobbar strukturert og har høg gjennomføringsevne
Hos oss får du
- ei viktig rolle i utviklinga av kommunen
- stor grad av påverknad og sjølvstende
- moglegheit til å bygga kultur i ei ny eining
- varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- gode utviklingsmoglegheiter som leiar
Kvalifikasjonar og vilkår
- relevant utdanning frå universitets-/høgskulenivå, ønskeleg på masternivå innan ingeniørfag, juss, økonomi, ingeniørfag eller liknande
- du presenterer saker for politikarane, så det er krav om god norskkompetanse både skriftleg og munnleg, B2 (skriftleg og munnleg)
- førarkort klasse B
Arbeidsoppgåvene kan og vil forandra seg, så det er naudsynt at du er løysingsorientert og fleksibel.
Då det ligg sakshandsamingsansvar til stillinga, er det ein stor fordel om du har erfaring frå prosjektleiing, gjerne innan investering/utbygging.
Me legg stor vekt på personlege eigenskapar.
Me tilbyr
- konkurransedyktig lønn
- pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
- spennande og varierte oppgåver
- fleksibel arbeidstid
- eit triveleg og dynamisk arbeidsmiljø med utfordrande oppgåver i ein aktiv og allsidig bygdekommune
- ulike
rekrutteringstiltak, som m.a. etableringspakke for nyutdanna og nytilsette- gratis barnehage
Hjelmeland kommune har ei rekke lokalt forhandla ordningar for sine tilsette.
Sjå kommunens
heimeside for meir informasjon.Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsnedsetting, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.
Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søker på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål, me ønskjer likevel at du tek dei med til eit eventuelt intervju.
Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.
Link til søknadsskjema:
Søk herTenk deg ein kommune der du har fjord og båtliv utanfor døra og høgfjell og turområde berre nokre minutt unna, men samtidig når du storbyen på under timen. Tenk deg ein kommune som er ganske liten med 2600 innbyggarar, men samtidig romsleg og stor med 1092 kvadratkilometer. Tenk deg ein kommune som er så glad i barnefamiliar at me like godt tilbyr dei gratis barnehageplassar. Den kommunen er Hjelmeland naturlegvis.
Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/6c10f954-3e96-459c-a209-76e82af80b34