Den som vert tilsett vil samarbeide med ADHD-sjukepleiar og legegruppa vår i høve utprøving av ny tilnærming til utgreiings- og behandlingsarbeid for pasientar med ADHD. Det vert gode høve for å vere med i fagleg utviklingsarbeid knytt til dette tilbodet. Den som vert tilsett vil motta naudsynt opplæring.
Du har evne til å jobbe i team
Du har evne til å omstille deg i forhold til ulike situasjonar og pasientforløp
Du er målretta, løysningsorientert og fleksibel
Du har god kommunikasjonsevne
Det å vere personleg eigna for stillinga vert vektlagt ved tilsetting
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her. - Og her.
Kari Standal, Seksjonsleiar, +47 70058570, kari.standal@helse-mr.no
Kløvertunvegen
6100 Volda
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5158023505
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.08.2026
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.